Onarheim Vassverk SA

Noverande styret:
Vermund Onarheim (leiar) På val som leiar
Torbjørn Meland (nestleiar)
Per Arnt Vattedal (styremedlem)
Magne Storesætre (på val)
Bjørn Magne Haugland (på val)

Oddvar Meland (varamann, på val)

Ragnhild Storesætre (revisor, på val)
Anne Britt Onarheim (revisor, på val)

Det skal veljast styremedlem med varamann til styret i Tysnes Vassdrift AS. I dag står Per Arnt Vattedal som styremedlem og Vermund Onarheim som varamann, begge er på val i år.

Regnskap: Bjørn Inge Sætre

Valnemnd:

Torbjørn Onarheim (leiar, på val)
Kåre Haugland
Arne Høgestøl

 

Årsmelding for 2015

Vassverket har hatt 3stk styremøte i 2015. Utanom alle i styret og varamann har vore innkalla og frammøte har vore svært godt, kun ein gong på eit møte har eit medlem vore borte, han melde om at han var bortreist på den dagen møte skulle vera.

Me hadde eit brot på hovedvassleidinga ved Lielva i Januar. Ved Vikjo nord for Nymark måtte me reparera sjøleidninga i vår p.g.a. hol som var komen av gnaging. Ved Vattedalskrysset hadde me eit brot like før jul ved ei påkobling til ein abbonent. Det var eit klammer som hadde "eira" i stykker.

Etter at me fekk filter nr 3 har det ikkje vore noko problem med kapasiteten, sjølv om ikkjet sommaren 2015 kan kallast tørr var kapasiteten langt frå utnytta.

Hyttefeltet på Årbakka vart kobla til i haust. Tilkoplinga er i Myklebusthagen der det er sett ned ny kum med mulighet for pluggkjøring.

Bustadfeltet i Henningshagen vart påbegynt i haust. Der skal utbyggjer ta opp gammal vassleidning og leggja ned ny. 7 stk nye kummer vil bli sett ned slik at mellom anna alle abbonentane vert kopla til i kommane. Også strekkja frå byggefeltet i Henningshagen og langs gangveg opp til Hagareset vil det vertal algt ny leidning, her vil vassverket vera med å finansiera. Vassverket har også i år oppgradert og sett ned nye kummer.

Reinseannlegget har verka fint og prøvane som vert regelmessig tatt av vatnet er godt innafor krava som mattilsynet set.

Nokre av vassverka på Tysnes arbeider for å få kommunen til å koma sterkare inn og overta ein del av ansvar og arbeid for vassverka. Styret i Onarheim Vassverk SA kan ikkje sjå at dette er vegen å gå pr idag og har meldt frå om dette til kommunen. Derimot ynskjer me eit samarbeid med både kommune og dei andre vassverka på Tysnes

Onarheim, januar 2016

 

Vermund Onarheim (styreforman)

 

 

Kontaktinfo:
Vermund Onarheim
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Tlf.: 97666565

 

Resultatrekneskap 2015

 

ONARHEIM VASSVERK 001
Vedtekter for Onarheim Vassverk SA

Vedtekne på omframt årsmøte den 19.04.2012.

§1 Namn
Føretaket sitt namn er Onarheim Vassverk SA.

§2 Forretningskontor
Føretaket sitt forretningskontor er i Tysnes kommune.

§3 Føremål
Onarheim Vassverk SA er eit allmennyttig samvirkeføretak med avgrensa ansvar og skiftande medlemstal og kapital. Formålet til føretaket er ikkje økonomisk overskot, men å syta for vassforsyting til Onarheim Sokn ved utbygging og drift av vassverk. Føretaket kan samarbeida med andre føretak med liknande føremål om drifta av vassverket, om det skulle vera hensiktsmessig.

§4 Medlemskap

4.1 Generelt
Medlemskap føreset tilknyting av eigedom, oppgitt med gards og bruksnummer, til føretaket sitt nett. Medlemskapen skal lyda på namn og fødselsdato eller føretaksnummer. Ingen personar eller juridiske einingar kan ha fleir enn eitt medlemskap.
Dei som vil verta medlemar i laget må søkja om dette til styret.

4.2 Medlemskontingent
Det skal ikkje betalast medlemskontingent.

4.3 Andelsinnskot
Det skal ikkje betalast andelsinnskot.

4.4 Anleggsbidrag
Ved tilknyting til vassverket sitt forsyningsanlegg for vatn skal det betalast eit anleggsbidrag til dekning av kostnader ved utbygging av vassforsyningsanlegget. Anleggsbidraget vert berekna etter nærare reglar fastsett av årsmøtet. Anleggsbidraget forfell til betaling framføre tilkopling til vassforsyningsanlegget, med mindre styret finn at det er gitt tilfredsstillande garanti for betalinga.
Anleggsbidraget skal ikkje forrentast og ikkje attendebetalast.

4.5 Vilkår for levering av vatn
For levering av vatn skal det betalast ei årleg avgift som vert fastsett av årsmøtet etter framlegg frå styret.
Avgifta for større brukarar vert fastsett av styret.

4.6 Overføring av medlemskap
Medlemskapen er knytt til den faste eigedomen, og fyljer med ved eventuell overdraging.

4.7 Tilgang til medlemane sine eigedomar
Medlemmane er forplikta til vederlagsfritt å gje føretaket rett til å føra vassleidningar over sine eigedomar samt nødvendig tilkomst i samband med anleggsarbeid, reperasjonar og vedlikehald.
Føretaket yter erstatning, fastsett ved semje eller skjønn, for skader som vert påført eigedomen i slike høve.

4.8 Ymse føresegner
Føretaket skal føra vatnet fram med hovudleidning så langt det er økonomisk forsvarleg. Det anlegget som medlemene knyter til hovudleidningen må vera fullgodt lagt og vedlikehalde, slik at det er tett og ikkje skadar laget sin eigedom.
Medlemene kan ikkje gje vatn frå anlegget sitt til andre, korkje mot betaling eller gratis. Laget er utan ansvar om det skulle inntreffa stogg i levering av vatn som fylgje av nødvendig ettersyn og reperasjonar og elles andre tilhøve som laget ikkje er herre over. Medlemen/abonnementen kan i slike høve ikkje krevja avslag i vassavgifta eller erstatning.

§5 Disponering av overskot
Eit eventuelt årsoverskot skal leggjast til eigenkapitalen.

§6 Årsmøte

6.1 Ordinært årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad.

6.2 Omframt årsmøte
Omframt årsmøte skal haldast dersom:
Styret finn det naudsynt eller tenleg.
Revisor eller minst ein tidel av medlemene set fram skriftleg krav om slikt møte for å få teke opp eit klart oppgitt emne.
Årsmøtet skal då gjennomførast innan 4 veker etter at kravet er sett fram

6.3 Innkalling til årsmøte
Det skal sendast skriftleg innkalling til årsmøte som skal vera sendt 14 dagar før årsmøtet. Omframt årsmøte skal innkallast på same måte som ordinært årsmøte. Innkallinga skal dessutan oppfylla gjeldande krav fastsett i Lov om samvirkeføretak.

6.4 Opning av årsmøte
Styreleiar, eller den person som styret peikar ut, opnar årsmøtet, tek opp oppgåve over møtande medlemer og leier møtet til møteleiar er vald.

6.5 Oppgåver for ordinært årsmøte
Ordinært årsmøte skal handsama og avgjera desse sakene:
Godkjenne innkalling og sakliste.
Val av møteleiar, referent og 2 medlemer til å skriva under i møteboka.

Godkjenne:
    Årsmelding
    Revidert rekneskap
    Disponering av overskot/dekning av underskot
    Innkomne forslag
    Driftsbudsjett og fastsetting av avgifter
    Val av 2 revisorar og fastsetje godtgjersla for desse.
    Fastsetje godtgjersle til styret.
    Val av styreleiar.
    Val av styremedlemer.
    Val av varamedlem.
    Val av medlemer til valnemnd.
    Fastsetting av instruks for valnemnda.

§7 Leiinga av føretaket
Føretaket vert leia av eit styre. Føretaket skal ikkje ha dagleg leiar.

7.1 Styresamansetnad
Føretaket skal ha eit styre som består av styreleiar og 4 styremedlemer, samt 1 varamedlem. Alle vert valde av årsmøtet.
Årsmøtet vel styreleiar først. Tenestetida for styreleiar er 1 år. Styreleiar kan veljast blant sitjande styremedlemer som ikkje er på val. Tenestetida for styremedlemene er 2 år, fordelt slik at minst to styremedlem er på val kvart år. Styreleiar og varamedlem vert valde for eitt år om gongen. Styret vel nestleiar blant styremedlemene for eitt år om gongen.

7.2 Styreprotokoll
Det skal førast protokoll over styresakene som er handsama. Godkjenning av styreprotokoll i samsvar med §91 i Lov om samvirkeføretak.

7.3 Signatur
Styreleiar og ein styremedlem i fellesskap bind føretaket.

§8 Valnemnd
Føretaket skal ha ei valnemnd på 3 medlemer. Tenestetida for medlem i valnemnda er 3 år, eitt medlem står på val kvart år som vert vald av årsmøtet. Valnemnda konstituerer seg sjølv. Valnemnda gjev si innstilling for styremedlemer til årsmøtet, og sender den skriftlege innstillinga til styret innan innkallinga til årsmøtet skal finna stad.

§9 Endring av vedtektene
Forslag om endring av vedtektene vert handsama etter §54 i samvirkelova.

§10 Oppløysing

10.1Krav til vedtak om oppløysing
Føretaket kan oppløysast gjennom vedtak med fire femdelars fleirtal av dei frammøtte på to etterfølgjande årsmøte.

10.2 Disponering av attverande midlar
Dersom det vert gjort vedtak om å oppløyse føretaket vert all overskytande kapital, etter at all føretaksskyldnad er gjort opp, overført til eit selskap med liknande formål som Onarheim Vassverk SA eller eitt eller fleire allmennyttige føremål i vassverket sitt operasjonsområde, etter vedtak i årsmøte.

§11 Samvirkelova
For forhold som ikkje er nemnd i desse vedtektene, eller der det er rom for tvil, gjeld krava nedfelt i den til ein kvar til ein kvar tid gjeldande «Lov om samvirkeføretak» (Samvirkelova).

Go to top