Onarheim Bygdalag

Onarheim Bygdalag har som føremål å blant anna arbeida for å:

-          gjera Onarheim sokn meir triveleg å bu i.

-          gjera bygda meir attraktiv for nye innbyggjarar og for etablering av nye tiltak og industri.

-          vera pådrivar for å verna og styrkja særpreget i bygda, både natur, frilufts- og kulturliv.

-          vera pådrivar for å styrkja utviklinga i bygda.

-          verna om skule og barnehage, og søkja styrkja aktivitetar knytt til dette området, både noverande og nye aktivitetar.

Laget er eit aktivt lag både når det gjeld fysiske og sosiale tiltak av ulike slag til det beste for bygda og dei som bur her.

Me har faste aktivitetar, som familietur i nærmiljøet langfredag. Familiesamling ved Onarheimsvatnet i byrjing av juni, jonsokmoro ved Onarheimssjøen, julagrantenning m.a. Dette er tiltak som samlar fastbuande bygdafolk og ferie/hyttefolk til sosialt samvere. Dei siste åra har me den 29. juli saman med Tveit bygdalag og kyrkja hatt historiske markeringar av Onarheimsgildet og folkelivet i høve til kyrkja.

Bygdalaget har i samarbeid med grunneigar lagt tilrette for ein møtestad på eit nes i/ved Onarheimsvatnet. Dette er det ein møtestad som vert brukt som utgangspunkt for utøving av ulike friluftsaktivitetar. Her har me no ein lavvo i tre, der det er mogeleg å sitja innadørs rundt gruva dersom ein ønskjer det eller været krev det. Me ser føre oss at den også kan brukast av skulen og barnehagen i samband med spesielle tema eller utflukter. Det er og kanoar til utlåns her.

 

Til dei me ikkje har mailadressa til og som ynskjer utsendingar osv frå bygdalaget, send ein mail til:

Heidi Røssland - Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Jon I Skjolde - Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

pdficon Innkalling til årsmøte i Onarheim Bygdalag

pdficon Rekneskap 2015

Go to top