Kom til Onarheim, då vel!

 

Høgt og fritt med utsikt over Onarheimsfjorden og dei mektige Kvinnheradsfjella ligg Hagareset – eit av dei mest populære bustadområda på Onarheim.

Vegen fram går forbi gardstun der sauer beitar i grøne bakkar. Her er det solrikt frå tidleg morgon. Hagaresvegen 59 og 61 er ein to-mannsbustad til utleige. Huset inneheld to hyggelege 4- roms husvære som framstår som lyse og trivelege med parkett og flislagte golv. Det er to parkeringsplassar til kvar   bueining. Husværa ligg fint til med berre 5 minutt gange frå barnehage, barneskule og kyrkje og 10 minutt køyring til butikk. I løpet av 2016 vil OnarTun stå klart med butikkar, treningssenter og sosial møteplass. Rett utanfor stovedøra ligg flott natur. Du kan gå til fjells, dra på fiske eller gå til Blåbærhaugen – ei av dei flotte turløypene i området. Tysnesfjella har mange spanande fjelltoppar som berre ligg og venter på deg.

Kontaktperson for utleigehus: Jannike Aarvik, mobiltelefon 415 35 367

Om husværa: 80 kvadratmeter primærareal. Tre soverom, stue med open kjøkenløysing, bad, innebod og utebod.

Fasilitetar: Tilknyting til Altibox, telefon, Internett og TV.

Oppvarming: Vedomn og elektrisk

Inventar: Kjøken med kombiskap, komfyr og oppvaskemaskin. Bad med dusjhjørne, WC og servant.

OnarBu AS blei etablert av Meidell AS i 2012, eigenkapital var på åtte millionar kroner. Føremål er tilrettelegging og sal av bustadtomtar. 

                        Hagareset-utvendig-005 
   
Go to top