OnarHamn 

     

Ei av dei flottaste gjestehamnene på Vestlandet er under utbygging. Båtfolket kan berre gle seg!

 

På vakre Onarheim på austsida av Tysnes ligg OnarHamn – ei kombinert nærings- og gjestehamn ved Alsaker Brygge.

 

Nær 500 meter med solide flytebrygger i betong er lagt ut, og etterkvart vil det koma 85 båsar der ein del er avsett til næringsformål medan resten vil vera til utleige. Det er også planlagt servicebygg, vatn og straum på kaien samt bunkringsanlegg og sløyebenk.

 

Frå Alsaker Brygge er det berre 400 meters rusletur opp til OnarTun – det nye bygdatunet som skal stå klart i 2016. Der blir det 1500 kvadratmeter med daglegvare, treningssenter, squashbane med meir.

 

På bryggene står bord og benker klare for folk som vil trivast i hyggeleg lag. Det er berre å setja tampen i land!

 

Velkomen skal de vera!

 

 

                        

2014-07-25-Alsaker-Brygge-bading

 

 
Ved spørsmål kontakt hamnesjef Åge Enes på mobil: 96 50 02 10    
   
2014-10-07-Onarhamn-bølger---John-Tye-2 OnarHamn justert onarhamn1 onarhamn2  

 

 

 

 

 

 

 

 

Go to top