Tur til masta på Barmahovda, 156 moh

     

Vegen opp til masta på Barmahovda startar ved fylkesveg 78, på toppen før ein køyrer ned til Espevik. Ein kan parkera her, eller forlenge turen ved å parkera ved kaien i Espevik, eller ved hyttefeltet på Nyborg.


Turen opp tek 15 - 20 minutt med normal gange, og går på ein delvis attgrodd skogaveg. Vegen opp skiftar mellom bratte og lette parti, og passer godt for store og små.


På toppen har ein fin utsikt mot Onarheimsfjorden, og mot Seløysundet og Husnesfjorden. Det ligg bok på toppen, i ein boks under transformator-bygget.

God tur!

 
     
           

 DSCN1825

Foto: Grethe Barmen

 
 DSCN1816-tumb DSCN1822-tumb DSCN1827-tumb  
       

 

Go to top